Foto: Erling Stausland

4,6 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i august. Dette er 3 prosent fleire enn i august i fjor, men 6 prosent færre enn same månad i normalåret 2019.

-August er prega av god auke i etterspørselen etter utanlandsreiser, sett mot august i fjor. Reiselysta har for utenlandsreisar har hatt en god utvikling gjennom året, mens innlandsmarknaden har utvikla seg svakare, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise

-Sjølv om marknaden veks samanlikna med fjoråret, er vi framleis eit godt stykke bak nivåa vi såg i 2019. Det økonomiske og geo-politiske verdsbiletet har ein effekt på trafikktala, og utviklinga framover er venta å være prega av dette. I vår siste prognose vurderer vi at vi først vil sjå 2019-nivåer i 2027-28, mot tidlegare venta kring 2024-25.

-Her vil det være store skilnader mellom ulike marknader og flyselskap. Det er og knyta stor usikkerheit til prognosane da endra forutsetningar, som renta og krigen i Ukraina,  kan gje store utslag, seier Riise

Passasjertal

2 505 509 passasjerar reiste innanlands i august. Dette er 2 prosent færre enn i august 2022 og 5 prosent færre enn i august 2019.

Trafikken utanlands, med 2 089 452 passasjerar, har auka med 8 prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 8 prosent lågare enn i august 2019.

-Våre undersøkingar viser også at tilreisande turistar til Noreg frå utlandet har vore ein viktig drivar for utviklinga både for innland- og utlandstrafikk i sommar. Dette er gledeleg for det store antallet bedrifter og tilsette som er avhengige av nettopp denne kundegruppa, seier Riise.    

Flyrørsler

Det var 66 288 kommersielle flyrørsler i august. Dette er 3 prosent færre enn i august i fjor. Om ein samanliknar med august i 2019, har det vore ein nedgang i talet på flyrørsler på 5 prosent.

Hittil i år samanlikna med 2019

Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 10 prosent bak 2019.

Talet på flyrørsler så langt i år er 7 prosent bak 2019. Sjå alle tal i vedlegget 08.2023.

Framleis auke i flyging med dronar

I august vart 1814 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone, Avinor sitt system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 164 prosent samanlikna med august i 2022, seier Axel Knutsen, leiar av droneprogrammet til Avinor.

 -Så langt i år er auken 115 prosent sett mot fjoråret. Dette er høge tal, med tanke på det dårlege været som prega landet i starten av månaden.

Det er dessverre framleis mange som ikkje kan reglane for droneflyging. Dette gjer at ein del flygingar er ulovlege, og kan vere til stor fare for andre i luftrommet. Hittil i år har Avinor registrert meir enn 1000 ulovlege flygingar i forbodsområda rundt lufthamnene. Vi oppmodar alle til å setje seg inn i reglane før dei flyr. På www.avinor.no/droner kjem dei tydeleg fram, seier Knutsen. 

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here