Konkurransetilsynet har i dag gitt selskapa beskjed om at tilsynet tillet Norwegian sitt oppkjøp av Widerøe.

Marknaden for luftfart er viktig for norske forbrukarar, og Konkurransetilsynet har derfor undersøkt oppkjøpet grundig. Mellom anna har tilsynet henta inn og gått igjennom omfattande dokumentasjon frå partane og andre aktørar i marknaden.

Partane vart 17. november varsla om at tilsynet kunne komme til å stoppe oppkjøpet. Tilsynet var bekymra for at oppkjøpet kunne svekke konkurransen i marknaden i betydeleg grad. Etter partane sitt tilsvar har tilsynet gjort ytterlegare analysar og vurderingar. Tilsynet har no kome til at det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å stanse oppkjøpet.

– Det har vore nødvendig å gjere ei grundig vurdering av oppkjøpet. Vi har no konkludert med at dette oppkjøpet ikkje i betydeleg grad vil hindre effektiv konkurranse i den norske marknaden for luftfart. Derfor kan oppkjøpet nå gjennomførast, seier konkurransedirektør Tina Søreide.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here